Du er invitert til årets viktigaste studentdemonstrasjon!
1. september klokka 12.00 inviterer studentar mot oljeboring til STORDEMONSTRASJON på Frederikkeplassen (Universitetet i Oslo) mot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
Denne saka vil bli avgjort innan kort tid, og no har me ein historisk sjanse til å vise Stoltenberg og co at me er mange studentar som ikkje godtar at dei sårbare områda i nord blir opna for oljeverksemd.
Kven kjem?
- Ola Elvestuen, Venstre
- Turid Thommasen, Raudt
- Martin Henriksen, AUF
- Hanna Marcussen, MDG
- Snorre Valen, SV
- Johannes Rindal, Senterungdomen
Møt opp og bli med på å seie JA til eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja!
Se demonstrasjonens facebookside.
Tags: Demonstrasjon, Oljefritt Lofoten
Trackback from your site.





